Tuesday, November 28, 2006

The Star Wars Kid
Sidan Kristin har snakka eindel om You Tube, vakna eg til liv i sofakroken då eg las følgande overskrift i The Times igår: " Why do 900m people tune in to watch this teenager?" Artikkelen var om bruken av You Tube, og om den såkalla Star Wars Kid. Er det nokon som har sett klippet? I følge The Times har klippet blitt vist 900 millionar gangar!! Sykt spør du meg...Ghyslain Raza, som Star Wars gutten på 15 år heiter, har no saksøkt klassekameratane som publiserte filmen, for £140 000.... Sånn kan det gå!
Ei undersøking på BBC Online viser også at svært mange brukar masse tid på å sjå såkalla "viral video", noko som går utover vanleg tv-tid. 43% av dei som ser videoar på internet minst ein gang i veka seier at resultatet er at dei no ser mindre på vanleg tv. Forsking viser og at video sjåing på internet er mest populært blant dei mellom 16-24år (alle fakta frå The Times, 27.nov 06).
Dette er jo interessant stoff for oss! Sjølv har eg ikkje sett på You Tube før, men no har eg i det minste sett Star Wars Kid!

1 comment:

Bloggis said...

Registrerer du deg med et brukernavn og passord hos YouTube kan du i tillegg lenke direkte til videoene som er der, slik at de ligger seg fint på siden sin.