


Imperial War Museum
Strålande sol, vindstille og 10 grader idag igjen! Heilt herleg! Igår nytta vi det fine veret til ein tur til Salford Quays i Manchester. Det er eit kjempefint kanalområde med teater, designerbutikkar, restaurantar, kunstutstillingar, kafear, Old Trafford ( Manchester United sin fotballstadion) og ikkje minst Imperial War Museum North. Vi tok turen innom museumet, og det viste seg å vere fantastisk bra! Der fekk vi lære om ulike typar krigar og kva krigane har gjort med menneska. Kvar time blei det vist multimediashow midt inne i museumet: det blei bekmørkt, og så blei det vist bilete på alle veggar og tak, samtidig som lys og lyd forsterka opplevinga. Det er vel det vi kan kalle pedagogisk bruk av IKT! Veldig bra laga til, og eg lærte utruleg masse iløpet av dei 15min showet varte. Ei oppleving som sit spikra. Grusomt å tenke på kva krigar fører til.
1 comment:
Dette hørtes veldig spennende ut, og ja, det er det vi kan kalle "riktig" bruk av IKT. Rett og slett på grunn av inntrykket det gjorde på deg... Er det ikke slike inntrykk vi ønsker å gjøre med våre egne elever?
Post a Comment