Tuesday, October 24, 2006

Erfaringar så langt
Da har bloggen min eksistert i over ein månad. Må ærleg innrømme at det er litt flaut å konstantere at det kun er to innlegg her... Forklaringa er at den tida eg har til bruk av PC som oftast går med til sjekking av aviser, heimesider til klubbar og vennar og ellers jobbrelatert arbeid. Bloggen blir med andre ord ikkje prioritert. Eg trur likevel at det er muleg å endre på desse vanane. Det har seg no slik at vi ofte gjer det vi alltid har gjort og droppar ting som tar litt tid. Blogging tar ikkje lang tid for dei som gjer det kvar dag, men for ein nybegynnar som meg er det litt tiltak. Eg skal skjerpe meg!

Eg føler eigentleg at oppretting og bruk av blogg er veldig enkelt. Det er jo berre å følge bruksanvisninga! Med andre ord ikkje verre enn å ta i bruk ein ny tv! Slik sett trur eg det kan bli ein stor suksess i undervisningssamanheng. Alle kan klare det, og dermed er den viktige følelsen av meistring oppnådd. Med andre ord eit glimrande utgangspunkt for vidare læring.Sjølv om den enklaste bloggen (min blogg er nok i den kategorien...) er enkel å opprette og bruke, er det uendeleg mange finesser og finurlege ting som går an å gjere for dei som ønsker det. Tilpassa opplæring og utfordringar for alle er dermed muleg.Sjølv har eg vore ansvarleg for fleire heimesider i jobbsamanheng, og bruk av blogg følast derfor som noko relativt kjent. Det er jo ikkje så stor forskjell på ei heimeside og ein blogg. Bruk av blogg i undervisningssamanheng, slik som desse ped-bloggane er, synast eg er heilt greit. Det er viktig at vi som lærerar kan blogging, og dessutan er det jo ein fin måte å kommunisere på! Bruk av blogg til å legge ut personlege utgreiingar om kva eg har gjort på, kva eg føler og tenkjer, er derimot ikkje noko for meg. Blir jo lite å snakke om dersom alle vennar og kjente (og ukjente!) har lest alt om meg på bloggen!

No comments: