Tuesday, October 03, 2006

Tankar omkring IKT
Kva går eigentleg faget ”pedagogisk bruk av IKT” ut på? Hmm… ikkje før hadde eg fått vite at mitt andre fag på FPPU studiet var IKT, var forelesninga i gang. Forventningane til faget blei dermed umiddelbart farga av den positive presentasjonen vi fekk: Kva er IKT? Korleis bruke IKT som verktøy i undervisninga? Korleis bruke IKT i alle fag? Korleis bruke ny teknologi på ein konstruktiv måte? Med andre ord: masse nyttig å ta fatt på!

Mi eiga erfaring med IKT er noko begrensa og over heile spekteret frå supert til ”not my cup of tea”. Eg var rett nok heldig å gå på ein nytenkjande vidaregåande skule (Latinskulen, som du finn link til her) kor IKT blei brukt i stor grad tatt årstallet i betraktning (tida går gitt!). Eit IT-kurs på Høgskulen i Telemark, samt bruk av diverse teknologiske duppedingsar til testing og forsking innan idrettsmedisin har det og blitt oppgjennom åra. I jobbsamanheng har eg slitt time etter time med udugelege dataprogram som har skapt meir irritasjon enn glede. Tanken bak desse programma er eg ikkje i tvil om: det skal skape bedre system, lette arbeidsmengde og vere tidsbesparande. Problemet som eg har støtt på gang på gang er dessverre at systemutviklarane ikkje kjenner til bruksområda til brukarane dei lagar programma til. Kva skal det brukast til? Kva treng brukarane? No har eg ikkje jobba som lærar, men eg trur problematikken er aktuell også i skulesamanheng. Vi må ha program som fungerar for brukarane og som i skulesamanheng fører til målretta læring. Eg har ikkje trua på å bruke IKT i alle samanhengar fordi det er inn i tida. No står det i Kunnskapsløftet at bruk av digitale verktøy skal integrerast i alle fag, og det skal takast på alvor. For å klare dette treng vi som lærarar stor kunnskap om pedagogisk bruk av IKT, og ikkje minst eit reflektert syn på korleis integreringa skal skje utan at vi går oss vill i ein digital jungel. Eg har trua på at papir og blyant framleis bør leve i beste velgåande i norske skular. Ved endt kurs i ”pedagogisk bruk av IKT” håpar eg likevel å kunne be elevane legge blyant og papir til sides no og da. Og da ikkje for å leike seg utan meining, men for å bruke IKT på ein måte som fører til læring. Og kanskje det kan føre til at litt fleire elevar blir fanga opp og kan sei at læring er artig?

1 comment:

ahbf said...

Hallo!
Eg derimot, eg åpna bloggen fordi namnet PlIKTbloggen traff spikaren på hovudet. Vi er forplikta til å laga bloggar, elles blir Kristin streng og seier at no er fristen ute! Det var eit snedig ordspel, spør du meg!

Eg trur blogging gjer at vi utviklar ei side i oss som vi ikkje er så merksam på. Eg er ikkje vand med å skriva, så eg sensuerer meg sjøl heile tida! Blir jo lei av det, men håpar at det blir meir flyt i skrivinga etter kvart.
Takk for meg, og god natt :)