Sunday, November 19, 2006

Nok ei samling over...
Da er nok ei samling på FPPU-studiet over, og vi er enda litt meire kunnskapsrike (?). FPPU-samlingane er viktige, men for meg har det så langt ført med seg mykje dritt. Etter 1.samling blei eg liggande med halsbetennelse i nesten 2 veker, og no er eg sylta forkjøla. Kva er det med Trondheim og Dragvoll???? Eg har ALDRI i mitt liv hatt halsbetennelse før, og forkjøla blir eg svært sjeldan. Tåler eg ikkje Trondheim? Off og off... For meg som er idrettsutøvar er sjukdom det store marerittet. Kvar ei treningsøkt er gull verdt, og no har eg gått glipp av x-antall økter pga dette studiet. Blir eg sjuk etter neste samling også, så må eg vurdere kva eg gjer... Dette går ikkje. Den einaste det er fint for er reserven min på laget, som no har fått fleire løp pga Trondheimssjuka mi. Bra det er godt for noko:) Får trøste meg med eit fint bilde frå sørkysten av England. Eg gledar meg allereie til flotte dagar der til sommaren! Det er fint der no også, men ikkje akkurat badetemperatur i vatnet...

2 comments:

Silje said...

Fin side du har, trur eg og treng eit digitalt kamera. Svogeren min er heilt hekta og har fått seg eit ganske profft, men det er jo kule bilete ein kan lage då.

Du veit at dei har hatt mykje problem med inneklima på Dragvoll, særleg idrettsbygget trur eg det var, men kanskje andre stader og? Om det var sopp eller kva det var, skadeleg var det iallfall. Trudde dei skulle vere kvitt det, men eg har ein mann som reagerer raskt på dårleg luft og får vondt i hovudet. God betring viss du ikkje er frisk!

Bloggis said...

For et fantastisk bilde! Da ser man at det er mer til England enn London (som tiltrekker en skofanatiker). Inneklima, ja si det. Men, forskere påstår at det ikke er mulig å bli syk/forkjølet/dårlig utelukkende pga klima, det må et virus til i tillegg. Så kanskje bærer du rundt på noe som kroppen din ikke vil gi slipp på? God bedring!

Mvh.
Kristin