Monday, March 05, 2007



Fotball og friidrett

Da er enda ei helg over, dessverre. Eg hadde ei skikkeleg bra idrettshelg som tilskodar både på fotballkamp og EM i friidrett. Rett og slett ei topp helg! Fredag var vi på Pride Park og såg Derby mot Colchester. Ein kjempebra kamp! Heimelaget spelte imponerande bra, og med sluttresultat 5-1 var det action frå start til slutt. Eg har sett ganske mange fotballkampar i England, blant anna mange Premier League kampar, men dette er faktisk ein av dei beste kampane eg har sett.

Laurdag var vi i Birmingham og såg innandørs EM i friidrett. Fullt hus og stormande jubel. Great Britain vart beste nasjon, så det var mange lokale heltar å heie på. Nokre av dei norske imponerte og med lovande prestasjonar, spesielt Kristine Eikrem Engeset, Joachim Brøndbo og Martin Rypdal gjorde det bra. Og ikkje minst Ezinne Okparaebo som satte ny norsk rekord på 60m! Det lovar verkeleg bra for norsk sprint!

No comments: