Saturday, March 17, 2007




Vår!

Det er vår! Joho! Dei siste vekene har vore heilt herlege, med sol og vårlege temperaturar. Igår var det 16 grader i skyggen, og sola gjorde at eg fekk årets første solbrenning. Påskeliljene blomstrar, graset er langt og grønt, og idag klipper naboen plenen. Det er berre å nyte det! Bilda er frå Cotswold, eit landleg område med små, koselege landsbyar nord-vest for London. Her merkar ein berre kor stress og bekymringar forsvinn i vinden...

1 comment:

Bloggis said...

Og i Trondheim daler snøen ned! Vel, vel, våren kommer vel før eller siden her også!

Mvh.
Kristin