Godt nyttår!
Jeg vil ønske dere alle et fantastisk 2007.
The Star Wars KidSidan Kristin har snakka eindel om You Tube, vakna eg til liv i sofakroken då eg las følgande overskrift i The Times igår: " Why do 900m people tune in to watch this teenager?" Artikkelen var om bruken av You Tube, og om den såkalla Star Wars Kid. Er det nokon som har sett klippet? I følge The Times har klippet blitt vist 900 millionar gangar!! Sykt spør du meg...Ghyslain Raza, som Star Wars gutten på 15 år heiter, har no saksøkt klassekameratane som publiserte filmen, for £140 000.... Sånn kan det gå! Ei undersøking på BBC Online viser også at svært mange brukar masse tid på å sjå såkalla "viral video", noko som går utover vanleg tv-tid. 43% av dei som ser videoar på internet minst ein gang i veka seier at resultatet er at dei no ser mindre på vanleg tv. Forsking viser og at video sjåing på internet er mest populært blant dei mellom 16-24år (alle fakta frå The Times, 27.nov 06).Dette er jo interessant stoff for oss! Sjølv har eg ikkje sett på You Tube før, men no har eg i det minste sett Star Wars Kid!
Nok ei samling over...Da er nok ei samling på FPPU-studiet over, og vi er enda litt meire kunnskapsrike (?). FPPU-samlingane er viktige, men for meg har det så langt ført med seg mykje dritt. Etter 1.samling blei eg liggande med halsbetennelse i nesten 2 veker, og no er eg sylta forkjøla. Kva er det med Trondheim og Dragvoll???? Eg har ALDRI i mitt liv hatt halsbetennelse før, og forkjøla blir eg svært sjeldan. Tåler eg ikkje Trondheim? Off og off... For meg som er idrettsutøvar er sjukdom det store marerittet. Kvar ei treningsøkt er gull verdt, og no har eg gått glipp av x-antall økter pga dette studiet. Blir eg sjuk etter neste samling også, så må eg vurdere kva eg gjer... Dette går ikkje. Den einaste det er fint for er reserven min på laget, som no har fått fleire løp pga Trondheimssjuka mi. Bra det er godt for noko:) Får trøste meg med eit fint bilde frå sørkysten av England. Eg gledar meg allereie til flotte dagar der til sommaren! Det er fint der no også, men ikkje akkurat badetemperatur i vatnet...
Bra sider for idear!I eit forsøk på å auke kunnskapane mine om pedagogisk bruk av IKT har eg surfa litt på nettet. Sidene til Virtual Learning og The Educational Technology Site: ICT in Education er absolutt verdt eit besøk. Her er det mange idear, artiklar og forskningsrapportar. No skine sola frå blå himmel, og da er det berre ein ting å gjere: komme seg ut! I skulesamanheng kan jo elevane få bruke digitale kamera og ta bilete i naturen? Og så kan bileta leggast ut på bloggane? Det hadde i allefall eg lika om eg var elev! No på hausten er naturen fantastisk. Sjå berre bileta eg har lagt ut på sida her. Utruleg kva eit digitalt speilreflekskamera kan fange opp!
Erfaringar så langtDa har bloggen min eksistert i over ein månad. Må ærleg innrømme at det er litt flaut å konstantere at det kun er to innlegg her... Forklaringa er at den tida eg har til bruk av PC som oftast går med til sjekking av aviser, heimesider til klubbar og vennar og ellers jobbrelatert arbeid. Bloggen blir med andre ord ikkje prioritert. Eg trur likevel at det er muleg å endre på desse vanane. Det har seg no slik at vi ofte gjer det vi alltid har gjort og droppar ting som tar litt tid. Blogging tar ikkje lang tid for dei som gjer det kvar dag, men for ein nybegynnar som meg er det litt tiltak. Eg skal skjerpe meg!Eg føler eigentleg at oppretting og bruk av blogg er veldig enkelt. Det er jo berre å følge bruksanvisninga! Med andre ord ikkje verre enn å ta i bruk ein ny tv! Slik sett trur eg det kan bli ein stor suksess i undervisningssamanheng. Alle kan klare det, og dermed er den viktige følelsen av meistring oppnådd. Med andre ord eit glimrande utgangspunkt for vidare læring.Sjølv om den enklaste bloggen (min blogg er nok i den kategorien...) er enkel å opprette og bruke, er det uendeleg mange finesser og finurlege ting som går an å gjere for dei som ønsker det. Tilpassa opplæring og utfordringar for alle er dermed muleg.Sjølv har eg vore ansvarleg for fleire heimesider i jobbsamanheng, og bruk av blogg følast derfor som noko relativt kjent. Det er jo ikkje så stor forskjell på ei heimeside og ein blogg. Bruk av blogg i undervisningssamanheng, slik som desse ped-bloggane er, synast eg er heilt greit. Det er viktig at vi som lærerar kan blogging, og dessutan er det jo ein fin måte å kommunisere på! Bruk av blogg til å legge ut personlege utgreiingar om kva eg har gjort på, kva eg føler og tenkjer, er derimot ikkje noko for meg. Blir jo lite å snakke om dersom alle vennar og kjente (og ukjente!) har lest alt om meg på bloggen!
Tankar omkring IKTKva går eigentleg faget ”pedagogisk bruk av IKT” ut på? Hmm… ikkje før hadde eg fått vite at mitt andre fag på FPPU studiet var IKT, var forelesninga i gang. Forventningane til faget blei dermed umiddelbart farga av den positive presentasjonen vi fekk: Kva er IKT? Korleis bruke IKT som verktøy i undervisninga? Korleis bruke IKT i alle fag? Korleis bruke ny teknologi på ein konstruktiv måte? Med andre ord: masse nyttig å ta fatt på!
Mi eiga erfaring med IKT er noko begrensa og over heile spekteret frå supert til ”not my cup of tea”. Eg var rett nok heldig å gå på ein nytenkjande vidaregåande skule (Latinskulen, som du finn link til her) kor IKT blei brukt i stor grad tatt årstallet i betraktning (tida går gitt!). Eit IT-kurs på Høgskulen i Telemark, samt bruk av diverse teknologiske duppedingsar til testing og forsking innan idrettsmedisin har det og blitt oppgjennom åra. I jobbsamanheng har eg slitt time etter time med udugelege dataprogram som har skapt meir irritasjon enn glede. Tanken bak desse programma er eg ikkje i tvil om: det skal skape bedre system, lette arbeidsmengde og vere tidsbesparande. Problemet som eg har støtt på gang på gang er dessverre at systemutviklarane ikkje kjenner til bruksområda til brukarane dei lagar programma til. Kva skal det brukast til? Kva treng brukarane? No har eg ikkje jobba som lærar, men eg trur problematikken er aktuell også i skulesamanheng. Vi må ha program som fungerar for brukarane og som i skulesamanheng fører til målretta læring. Eg har ikkje trua på å bruke IKT i alle samanhengar fordi det er inn i tida. No står det i Kunnskapsløftet at bruk av digitale verktøy skal integrerast i alle fag, og det skal takast på alvor. For å klare dette treng vi som lærarar stor kunnskap om pedagogisk bruk av IKT, og ikkje minst eit reflektert syn på korleis integreringa skal skje utan at vi går oss vill i ein digital jungel. Eg har trua på at papir og blyant framleis bør leve i beste velgåande i norske skular. Ved endt kurs i ”pedagogisk bruk av IKT” håpar eg likevel å kunne be elevane legge blyant og papir til sides no og da. Og da ikkje for å leike seg utan meining, men for å bruke IKT på ein måte som fører til læring. Og kanskje det kan føre til at litt fleire elevar blir fanga opp og kan sei at læring er artig?
TestDa er eg igang med plIKTbloggen min! Eg må bruke litt tid på å bli kjent med korleis eg gjer ting og tang her, men det skal nok bli bra til slutt! No er det snart på tide å ta kvelden her i Staffordshire. Første pedagogiske tankane blir dermed publisert imorgon. So long!